Montasjar er eit tverrkunstnarleg prosjekt der musikk, dans og film går i møte med ein særeigen del av den kystnære industrihistoria: produksjonen av båtmotorar og propellar i Volda på Sunnmøre. Det primære målet er ikkje å dokumentere dei lokale historiske realitetane, men å bruke dei som bakteppe og inspirasjon for å seie noko meir allment om arbeidet som meiningsskapande aktivitet.

Montasjar fikk samfunnsutbytte


Montasjar fikk 100.000 kroner i samfunnsutbytte

Montasjar er eit tverrkunstnarleg prosjekt der musikk, dans og film går i møte med ein særeigen del av den kystnære industrihistoria: produksjonen av båtmotorar og propellar i Volda på Sunnmøre. Det primære målet er ikkje å dokumentere dei lokale historiske realitetane, men å bruke dei som bakteppe og inspirasjon for å seie noko meir allment om arbeidet som meiningsskapande aktivitet. Framsyninga vil bli utvikla for Propellhallen i Volda, og tilpassa for turnering til m.a. Fosnavåg konserthus. I det moderne samfunnet har manuelt arbeid og kunst blitt skilt frå kvarandre og plassert i ulike sfærer. I vårt prosjekt ynskjer vi å flette dei saman att ved å la bilde og lydar frå industriproduksjonen bli del av eit verk der musikk, dans og film utgjer ein dynamisk heilskap, ein samla montasje.